MODER-RESTAURANT: Jungel Pizza på St. Hanshaugen har fullt trykk og opnar difor enda ein Jungel Pizza i bydelen.

Jungel opnar på Adamstuen

Pizzaeventyret for Jungel Pizza starta på St. Hanshaugen. No opnar dei enda ein restaurant på Adamstuen.

Publisert Sist oppdatert

Denne pizzasjappa har den siste tida blitt populær på sosiale medier. Med restaurant på Torshov og Sagene, er det likevel restauranten på St. Hanshaugen som har mest trykk, ifølge personalet.

Jungel Pizza er tydeleg på samarbeidet med ulike barar med skilt rett ved kassa.

Pontus Sandén har jobba lenge i yrke som kokk, og driver no den daglege drifta for Jungel Pizza på St. Hanshaugen. Han seier at han er stolt av drifta.

- Eg merker at det er mange som er veldig glade i oss, seier ein stolt Sandén.

Populært samarbeid

Det var på Parksalongen pizzaeventyret starta, då dei la ned for servering. Då blei kjøkkenet flytta over gata. Jungel Pizza på St. Hanshaugen køyrar difor no eit «take away» konsept, men om du vil kan du ete pizzaen din ute, ved å ta den med til nærmaste bar.

Hos Parksalongen, som er nærmaste nabo, kan du nemleg ta med pizzaen din for nyte med eit glas til maten. Det kan du også litt lenger bort i gata hos Merkur Bar og Rouleur Bar.

Dagleg leiar for St. Hanshaugen Pontus Sandén og fornøgd kunde Christian Caspersen.

Fornøgde kundar

- Det er byens beste pizza, det er ikkje noko tvil om at det er ein knockout, avbryt ein fornøgd kunde.

Christian Caspersen er på Jungel Pizza for å hente maten sin, når Haugenbladet er i restauranten for å snakke med Sandén.

Caspersen uttrykker stor glede av pizzaen og fortel at fleire han kjenner fortel det same. Han nemner ein venn som var skeptisk til vegansk tidlegare, men som no er blitt frelst av ein vegansk pizza han smakte på Jungel Pizza.

Sandén fortel sjølv om gode tilbakemeldingar til restauranten og merkar at kundar er fornøgde.

- Vi får mykje god respons og folk seier at vi lagar betre pizza her enn i Italia, seier Sandén.

Gode råvara

Petter Sukumar, Pontus Sandén, Rasmus Wendel og Lucas Askim.

Dagleg leiar for Jungel Pizza, Petter Sukumar, fortel at restauranten eigast av den veganske butikken Røtter på St. Hanshaugen. 

Det er difor blitt satt ekstra vekt på gode råvara.

- Vi tenker at ein god pizza er laga frå botn av med god botn, ost og tomatsaus, seier Sukumar. 

Jungel Pizza har restaurant på St. Hanshaugen, Sagene og Torshov. No er planen ny restaurant på Adamstuen. 

Sukumar fortel at dei vil vere tilgjengeleg fleire plassar i  Oslo, slik at ein kan nyte pizzaen frå alle kantar av parkane.

Sukumar fortel at det går meir i pizza margherita og barnefamiliar på Sagene. I motsetning til St. Hanshaugen kvar der er mange unge, men også ein god blanding av mykje folk.

Jungel Pizza har variert meny med vegansk og vegertarianske alternativ.

- Det er fint at fleire kan nyte pizzaen vår, og at ein på sommaren kan være i nærleiken til ein av restaurantane uansett kva park ein vil henge i, seier Sukumar.

«Moder-restaurant»

Jungel Pizza opna restaurantar på Sagene og Torshov i håp om å minske trykket på St. Hanshaugen. Sukumar fortel at St. Hanshaugen alltid har vore mest populær.

- Det er blitt «moder-restauranten» vår, men eg trur folk generelt likar oss då vi har ei blanding av gode råvara, hyggelege prisar og at folk kjem hit med litt senka skuldra, seier Sukumar.

Jungel Pizza på Adamstuen har planlagt opning i starten av februar.

Powered by Labrador CMS