Nedleggelse: Møllergata står ovenfor nedleggelse

– Kan ikkje bygge byen utan å tenkje på dei minste

I ei bydel med nesten 40 000 innbyggjarar, er det berre kring 4600 barn og unge. Det gjer St. Hanshaugen til den mest barnefattige bydelen i Oslo.

Publisert Sist oppdatert

 

No rasar debatten om nedlegginga av Møllergata skule, ein av dei fem barneskulane i bydelen. Mange fryktar at avgjerda vil forsterke utviklinga av færre barn og barnefamiliar. 

– Når ein barneskule forsvinn, forsvinn også ein viktig grunn til å bli buande som småbarnsfamilie, seier Kristel Berre, FAU-representant og mor til fleire barn på Møllergata skule.

Ho er ein av mange som fryktar ringverknadene ei nedlegging kan få, ikkje berre for skulekvardagen til barna, men for heile nærmiljøet.

– Skular og barnehagar er avgjerande for å kunne bu i byen med barn. Utan desse institusjonane blir sentrum mindre tilgjengeleg for familiar, seier ho.

Kristel Berre: Forelder og FAU representant på Møllergata skule

Eit område utan plass til barnefødsel nummer to

St. Hanshaugen er kjend for sine grøne lunger og kaféstrøka, men for mange familiar blir området for trongt både økonomisk og fysisk.

– Vi ser at det er mange førstegangsfødande her, men langt færre får barn nummer to. Det er truleg fordi det rett og slett er for dyrt å bu her om ein ønskjer seg meir plass, seier Sook Berge Buer frå Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), som sit i komiteen for oppvekst, familie og kultur.

MDG meiner byen treng ein meir rettferdig bustadpolitikk, og vil styrke den tredje bustadssektoren slik at fleire familiar får tilgang til rimelege bustader. Dei ønskjer også å støtte alternative buformer som kollektiv og generasjonsbustader.

– Usikkerheit rundt Møllergata skule si framtid kan gjere at nokre barnefamiliar vel å flytte. Det har vi ikkje råd til, seier ho.

Sook Berge Buer (MDG): Representant for oppvekst, familie og kultur komiteen

Hammersborg – hjartet som treng eit løft

Eit område som trekkast fram som spesielt utfordra, er delbydelen Hammersborg.

– Her trengs ei heilskapleg satsing, det motsette av å leggje ned Møllergata skule! seier Buer engasjert.

Ho meiner utfordringane i området er samansette og krev både politisk vilje, økonomiske ressursar og samarbeid mellom fleire etatar og bydeler.

– Målet vårt er at Hammersborg skal bli eit tryggare og hyggelegare område for alle.

Bydelsutvalet sende i desember ei einstemmig oppmoding til bystyret om eit områdeløft, og komiteen for oppvekst, familie og kultur har nyleg vedteke å gå imot nedlegging av Møllergata skule.

Skulen som samlingspunkt

– Møllergata er meir enn ein skule. Det er eit samlingspunkt som bind aust og vest i Oslo saman, seier Kristel Berre.

Barn frå både Grünerløkka, Gamle Oslo og St. Hanshaugen går her. Alle har til felles at dei bur i sentrum.

– Ein skule er også ein viktig sosial arena for foreldre og føresette. Han gir liv til nærmiljøet og er ofte sjølve sjela i eit bustadområde.

I tillegg har skulen spesialkompetanse på nykomne elevar og barn med særskilde behov, noko som er vanskeleg å bygge opp att dersom miljøet blir oppløyst.

Nedleggelse: Møllergata står ovenfor nedleggelse

Grønne nærmiljø som barn kan stole på

MDG peikar på at barnevennleg byutvikling må vere ein grunnstein i all politikk.

– Vi må skape levande nabolag der barn kan vekse opp i trygge, grøne omgjevnader. Det betyr leikeplassar, fellesgrillar, drikkevassfontener og gode møteplassar, alt i nærleiken av der folk bur, seier Buer.

Ho understrekar også behovet for sambruk av kommunale bygg og betre utnytting av tomme lokale, som den nedlagde barnehagen i St. Hanshaugenparken og huset på Idioten.

– Vi må tenkje smart, og faktisk ta vare på dei ressursane vi har.

Foreldrekvil: I Vår Frelsers Gravlund kan alle kvile

Bekymra for framtida

Medan Utdanningsetaten peikar på befolkningsprognosar og økonomiske utfordringar som grunngjeving for strukturendringar i osloskulen, meiner mange at ei nedlegging no vil vere å skyte seg sjølv i foten.

– Prognosane viser at elevtala vil stige igjen, og i mellomtida kunne færre elevar per klasse faktisk vere ei styrke, seier Buer.

I dag brukar skulen Kristparken som forlenging av skulegarden, og det er ein sentral samlingsstad for barnehagar og familiar.

– Vi er glade for at parken er rehabilitert, men den må haldast fri for farleg avfall. Barn skal kunne leike utan å bekymre seg for brukte sprøyter, seier ho.

Bydelsutvalet har formulert ei lang liste med innvendingar mot ei nedlegging, mellom anna at dei foreslåtte erstatningsskulane har for små uteareal, og at idretts- og symjehallar i sentrum allereie er under press.

Barndom i byen

Kristel Berre trur ikkje bylivet nødvendigvis er dårleg for barn, snarare tvert imot.

– Barn som veks opp her lærer andre ting enn dei på bygda. Dei lærer alt frå å gå over vegen på grønn mann til å stole på folk, til å så ikkje gjere det i eldre alder

Men ho legg ikkje skjul på at oppvekst i sentrum krev sterke fellesskap.

– Skular og barnehagar gjev tryggleik og struktur. Vi treng desse institusjonane for å halde bydelen levande og for å sikre at barna våre har ein plass i framtidas Oslo.

Powered by Labrador CMS