
Då St.Hanshaugen var byens søppelbøtte
Der det ein gong lukta død, spirer det no liv.
Det er vanskeleg å førestille seg det i dag, men der kor småborn spring rundt med is i handa og pensjonistar kvilar på benkar under grøne tre, låg det ein gong rykande dynger av brennande søppel.
I ei tid då Kristiania var hovudstaden, blei området kjent som Mærrahaugen. Hesten som drog vogna di gjennom gatene, kunne møte sin ende nett her, og bli dumpa saman med anna avfall, kokande sverte og møkk. Lufta var giftig, jorda svart og historiane mørke.
Kristian IV eigde opprinneleg St.Hanshaugen som ein del av si bymark. Då folk i Kristiania begynte å tilrane seg delar av bymarka og gjerde den inn som si eiga, var det lite interesse rundt haugen.
Grethe Flood har skreve om akuratt dette i byarkivet til kommunen.

– Det var ein naken og bratt fjellknaus, kor ein verken kunne bygja eller driva jordbruk, og området blei difor ansett som verdilaus.
Død og drit på Mærrahaugen
Frå slutten av 1700-talet blei haugen brukt som øvingsplass for Borgervæpninga og skulegutar, og på 1800-talet vart det ein avfallsplass for hestekadavere. Boktrykkarane kokte sverte, og bøndene i Aker nytta området til å lagra møkk.
– Plassen vart eit “ingenmannsland”, som blei ungått til ei kvar tid.
Sidan plassen var eit stykke unna sentrum, gjorde det området perfekt til å brenne store bål, hovudsakeleg avfall og døde dyr. Lufta var ikkje berre uthaldeleg, men rett og slett giftig
Eit nytt namn og ei ny rolle
Navnet St.Hanshaugen kom i bruk på 1840-tallet, kor det blei plassen for store bålbrenninger på den lysaste dagen i året, sommersolverv. Ein tradisjon av hedningane som på tida hadde blir stjelt og gjort om av kristne. I dag kjenner vi den som St.Hans.
– Store bål av greiner og gamle båtvrak lyste opp sommarkvelden, men feiringane kunne også bli noko voldsame, med både drikking og slagsmål.
Med tida dabba feiringane av, og haugen blei eit rolegare område. Folk frå Lovisenberg brukte staden til turar, og soknepresten frå Gamle Aker kom hit for å førebu preikene sine. Geologen professor Sexe studerte også berggrunnen her.
Ein visjon om stille stunder Eit nytt namn og ei ny rolle
I 1850 vart det sett ned ein komité som skulle avgjere skjebna til haugen. F.H. Frølich meinte at denne vesle fjellknausen burde bli eit fristed for arbeidsfolk i byen. Forslaget blei møtt med latter, tanken på at folk trong ro i naturen, og at ein kunne plante tre på den nakne knausen, verka nærast latterleg.
Men Frølich gav seg ikkje. I 1856 byrja han på eiga hand å plante tre her, og i 1865 sette Christiania Byes Vel i gang med å plante heile 1275 tre. Kommunen overtok etter kvart arbeidet, og mellom 1876 og 1886 skjedde den største utviklinga.
Frå grå stein til grønt parkanlegg
På toppen av haugen kom eit stort vassreservoar i 1875, og ved sida av stod ein bustad for oppsynsmannen, som òg var byens vervarslar. Etter kvart fekk parken ein kunstig bekk, svanedam, musikkpaviljong og restaurant.

– På 1890-talet kom restaurantanlegget Hasselbakken, og ei stund hadde parken til og med eit lite dyrehage-aktig anlegg med bjørn, påfuglar og apekattar

Folk frå heile verda
På slutten av 1800-talet strøymde folk til frå både by og land, og sjølv utanlandske gjestar skreiv seg inn i turistprotokollen. Sankt Hanshaugen blei ein stad der arbeidsfolk og småkårsfolk kunne puste ut og nyte utsikta over byen og fjorden.
Musikk og underhaldning Folk frå heile verda
Musikk i parkane var populært, og på St. Hanshaugen spelte janitsjarorkester, kor og musikkforeiningar. Mange søkte om å få halde konsertar her, frå Bymisjonen til feriekoloniane sine støttegrupper. Dei såkalla 10-øres-konsertane samla pengar til gode formål, som barneheim og ferietilbod for born.

Frå gløymebok til radiooverføringar
Etter krigen dabba interessa for St. Hanshaugen av. Restaurantanlegget brann i 1936 og blei aldri bygd opp att. Men utover 1950-talet tok kommunen grep for å gje nytt liv til parken, mellom anna med nye musikkpaviljongar og parkkveldar som blei sendt på radio.
I dag er St. Hanshaugen ein frodig og livleg park med ei mørk og fargerik historie bak seg, noko som er eit døme på korleis sjølv dei mest ugjestmilde stadene kan bli til grøne oasar for folk flest.