ANMELDELSE

FOR FULL HALS: Ivar Aasen skal redde folket med nytt språk.

Nynorsk i nytt-gamalt lys

Det Norske Teatret fortel historia om nynorsken, superhelten Ivar Aasen og den draumane Aase Ivarsen. 

Publisert Sist oppdatert

Spynorsk. The Musical.

Scene: Det Norske Teatret, Oslo

Av: Are Kalvø og Ingrid Bjørnov

Regissør: Ivar Tindberg

Scenografar: Gjermund Andresen og Stian Hole

Koreograf: Eli Stålhand

Musikkansvarleg: Svenn Erik Kristoffersen

Kostymedesignar: Unni Walstad

Lysdesignar: Torkel Skjærven

I rollene: Julie Moe Sandø, Frank Kjosås, Pål Christian Eggen, Ingrid Jørgensen Dragland, Niklas Gundersen, Julie Støp Husby, Mari Lerberg Fossum, Tiril Heide-Steen, Frode Winther, Ina Svenningdal, Joakim H. Ousdal, Benjamin Hiley

Dato: 13. april–24. august 2024

Det Norske Teatret visar no framsyninga «Spynorsk. The Musical» kvar dei fortel ei historie om Ivar Aasen og korleis språket endrar seg frå generasjon til generasjon. Året er 2042 og Aase Ivarsen finn ei bok frå sine forfedrar som ho blir heilt forelska i, og bestemmer seg for at ho vil bli like draumane og tøff som Ivar Aasen.

Løftar historia 

Framsyninga er skreve av Are Kalvø og musikken er av Ingrid Bjørnov. Frank Kjosås, som spelar Ivar Aasen, var nyleg i podkasten til Det Norske Teatret, "Språkoppdraget". Der fortalde han om Bjørnovs tekstar og nemnar at det er tekstane ho skriv han ofte lærar seg kjappast, då dei er så godt skreva. Dette merker ein også som publikum. Musikken er eit bærande komisk element, som bidreg til å løfte historia. Nokre songar gjorde også bøying av verb litt sexy.

Handlinga går føre seg på to metafiksjonelle plan. Den tek føre seg Ivar Aasens historie i 1842 og framtidas Aase Ivarsen i 2042. Begge med ein plan om å endre samfunnet til det betre. Kalvø måla Aasen som ein superhelt på Sunnmøre, men med ironisk distanse da det kanskje ikkje er språk folk i 1842 treng mest. Frank Kjosås spelar ein heilt glimrande Ivar Aasen og får fram dette poenget godt med ein god tolking av karakteren.

Nokon kan kanskje også kjenne seg igjen frå ungdomsskulen, når ein rabla over ordlista i nynorsktimen, og endra det til «Spynorsk Mordliste». Dette er noko som kjem fram på ein gøyal og god måte i førestillinga.

På eige oppdrag

Julie Moe Sandø er skodespelaren bak karakteren Aase Ivarsen. Karakteren Aase Ivarsen er ein litt kaotisk karakter, men Sandø gjer ei god framstilling av karakteren. Ho har godt nærvær, tydeleg kroppsspråk og i tillegg overraska ho med god vokalpresentasjon.

I år 2042 er alle blitt grå og er slukt inn i teknologien. Folk har gløymd kva dei draumar om og kva som er viktig. Aase Ivarsen blir inspirert av Ivar Aasens historie, og byrjar ein politisk folkebevegelse for å vekke opp folk og fikse språket på nytt.

FOLKEBEVEGELSE: Aase Ivarsen ønska å samle folket bort frå ei grå verd i 2042.

"Symje, sym, sumde, har sumt"

Som publikum får ein kjensla av å være med på reisa. Nokre gonger er vi på Sunnmøre i 1842 og plutseleg er vi i ein grå verd i 2042. Det spøkast med ulike bygder og folk, og ein kjenner seg verkeleg underhald i salen. Publikum responderer godt på det som skjer på scena og skodespelarane har eit utruleg bra samspel.

Karakteren Ivar Aasen er med som ein raud tråd gjennom framsyninga. Nokre gonger kjennes han ut som ein kommentator ved sidan av. Blandinga av års-epokar fungera godt, då brota er tydelege og det er brukt på ein underhaldande og smart måte.

Framsyninga får ein til å tenke over korleis samfunnet endrar seg og betydninga av språket vårt. Og sjølv om dette er god underhalding, skal du ikkje sjå bort frå at du tek med deg nokre nynorske-glossar heller! I alle fall er du garantert ein melodi til korleis du bøyer ordet symje med deg ut frå framsyninga. 

Powered by Labrador CMS