Nedleggelse: Møllergata står ovenfor nedleggelse

Færre unge i St. Hanshaugen: – Bekymra for framtida

St. Hanshaugen er bydelen i Oslo med færrest unge. Av om lag 40 000 innbyggjarar er rundt 4 600 i alderen 0–18 år. Det gjer bydelen til den mest barnefattige i hovedstaden.

Publisert

No rasar debatten om nedlegginga av Møllergata skule, ein av dei fem barneskulane i bydelen. Mange fryktar at avgjerda vil forsterke utviklinga: færre barn og barnefamiliar.

– Når en barneskole forsvinner, forsvinner også en viktig grunn til å bli boende som småbarnsfamilie. Nedleggingen kan få ringevirkninger, som at barnehager også må stenge på sikt, seier Kristel Berre, FAU-representant og forelder ved Møllergata skule.

I dag har St. Hanshaugen åtte skular: fem barneskular, tre ungdomsskular og to vidaregåande skular. Utan ei satsing på barnefamiliar, kan det bli endå færre elevar i åra som kjem.

Nedleggelse: Møllergata står ovenfor nedleggelse

Bekymra for nærmiljøet

Kristi Berre peikar på at ein skule ikkje berre er ein læringsstad, men også ein viktig del av nærmiljøet.

– Møllergata skole er bindeleddet mellom øst og vest. Barn fra grunerløkka, gamleoslo og St.Hanshaugen går her på en felles skole. De har alle til felles at de bor i sentrum. 

Ho meiner bydelen må satse på barnefamiliar om St. Hanshaugen skal vere ein levande og mangfaldig stad også i framtida.

– Man trenger en plass å gjøre av barna sine når man er på jobb. Instutisjoner som barnehager og skoler er det som gjør det mulig å bu i sentrum med barn. 

Kristel Berre: Forelder og FAU representant på Møllergata skule

Å vokse opp i ein by har sine bakdeler og fordeler, noko som mange vurderer når dei vel plassen dei skal sette seg til ro. Sjølv om St.Hanshaugen kan oppfattast som ein roleg og fin bydel, er det fortsatt i ein by. Barn som vokser opp her tar med seg kunnskap som dei på landet ikkje tenker over. 

– Jeg syns det har vært trygt å bo i byen med barn til nå, men man lærer barna noe annet enn de på landet, som å gå over veien på grønn mann. Det har vært hendelser der ruset personer har vært rundt skolen, og da lærer barna det også, at det kan være litt skummelt, men at det ikke er farlig. De minste barna må lære å stole på intensjonene til andre, mens de eldre barna må lære å ikke stole på alle, seier Berre

Ny skulebehovsplan

Foreldrekvil: I Vår Frelsers Gravlund kan alle kvile

Osloskulane står ovenfor ei stor endring i skulekapasiteten i åra framover. Grunna synkande elevtall i grunskulen og ein krevande økonomisk situasjon i Oslo kommune, er det behov for å gjere store endringar i skulestrukturen i Oslo. Det er Utdanningsetaten som har foreslått å legge ned Møllergata skule, noko som bydelsrådet kjem til å stemme imot. 

Barn i bymiljø

For mange er målet den forutsigbare kvardagen. Eige hus og nyklippa hage på bygda, og for andre ikkje. 

– For min del er det uaktuelt å flytte ut av sentrum, seier Kristel Berre

Det at St.Hanshaugen er bydelen i Oslo med færrast unge, kan ha mange ulike faktorer. 

– Jeg tror at grunnen til at barnefamilier flytter ut av sentrum rett og slett handler om boligstrukturen her. Mange ønsker seg større plass og gjerne hage. Det er få som har råd til det her i St.Hanshaugen bydel, så mange synes de får mer ut av pengene av å flytte ut av byen, seier Vilde Rosen, nestleder i St.Hanshaugen bydelsutvalg. 

Dei som politikere kan ikkje vedta at folk skal ønske å bli buande, men dei skal prøve å bidra til eit mest mulig variert bumijlø med tilbud til innbyggarane i alle aldre. Her er skular og barnehagar sjølvsakt avgjerande. 

Vilde Rosen (MDG): Nestleder av St.Hanshaugen bydelsutvalg
Powered by Labrador CMS