THE VOICE: Rakel Berntzen er med i vårens sesong av The Voice på TV2.

- Eg trur eg sa noko som: «Eg heiter Rakel, eg er 17 år og har sjukt vondt i halsen»

Tross feber og halsbetennelse fekk Rakel Berntzen (17) tre av dommarane til å snu seg. No gler ho seg til neste runde i The Voice.

Publisert Sist oppdatert

Rakel Berntzen

Alder: 17 år 

Bostad: St. Hanshaugen

Hobby: Vere med vener, gå på tur med hunden Mokka og lage mat.

Deltaker i vårens sesong av The Voice på TV 2. 

Midt på Kiellands plass ligg bakeriet Tranen, som er ein miks av bakeri på dagen og pub på kvelden. Innerst i lokalet sit Rakel Berntzen (17), ei ung og håpefull jente. Ho pleiar vanlegvis å komme hit for dei gode smørbrøda, men i dag skal ho også dele om musikken og hennar deltaking i The Voice.

Berntzen sjekkar klokka på mobilen og fortel at ho snart skal ha CrossFit i gymtimen. Til vanleg går ho på studiespesialisering på Foss Vidaregåande skule.

Det ligg eit tunfisksmørbrød framfor ho på bordet. Det røyrar ho ikkje før vi er ferdig med intervjuet.

- Eg er mest vand med at eg ser korleis folk reagerer, og om eg vekker ein kjensle i folk når eg syng. Men her fekk eg ikkje sjå dommarane sine reaksjonar, så det var litt skummelt å stå der på scena, seier den unge artisten.

"The Voice":

The Voice er ein songkonkurranse som vert sendt på TV2. Deltakarane vert vurderte berre ut frå stemma deira. I dei innleiande rundane, kalla blind auditions, vel dommarane deltakarar til sine lag berre basert på stemma deira, utan å sjå dei. Om dommarane ønska å ha med deltakaren på sitt lag, trykk dei på knappen for å vende om stolen.

Deltakarane konkurrerer deretter gjennom ulike rundar, og ein vinnar vert kåra til slutt av både sjåarane og dommarane. 

Teksten i denne faktaboksen vart generert av ChatGPT og redigert av ein journalist.

«Overraskelsemomentet»

På bakeriet er det er ein duft av nysteikt brød og svak latter i bakgrunnen. Berntzen setter seg nærmare bordet og utrykker at ho er glad for at framføringa hennar blei godt teken i mot.

- Det var nok eit «overraskelsemomentet» i at eg ikkje såg ut slik som dommarane hadde sett for seg. Ina Wroldsen sa også noko som om at ho følte at ho hadde vore med i ei episode av «Stranger Things», seier Berntzen lattermildt.

Dommarane reagerte med stor jubel, når stolane blei vend og dei fekk sjå kven som stod bak den store stemma. Berntzen nemner ho var nervøs før ho skulle introdusere seg framfor dommarane.

- Eg trur eg sa noko som: «Eg heiter Rakel, eg er 17 år og har sjukt vondt i halsen».

Men feber og vondt i halsen skulle ikkje bli ei hindring, då ho til slutt fekk tre av fire dommara til å "trykke på knappen".

- Eg var ikkje i topp form, og på slutten, når ingen av dommarane hadde snudd seg, blei eg heilt desperat. Eg tenkte ´please snu dykk´, og då det skjedde vart eg letta.

"Jeg føler jeg er i stranger things. I bakvendtland."

Ina Wroldsen

Kanskje Ina?

Valet til Berntzen falt på songar og låtskrivar Ina Wroldsen. Når ho skulle ta valet sa ho «Kanskje Ina?», men Berntzen var eigentleg sikker i si sak. 

Ho seier at alt i ettertid har vore som ein feberdraum. 

- I likheit med meg så er jo Ina oppteken av at ein ikkje berre skal synge ein song, men også formidle den. I tillegg er ho ei veldig kul dame som eg ser opp til. 

TRANEN: Rakel Berntzen møtte Haugenbladet for eit intervju. Seinare fekk vi møtte ho igjen for å gå på tur med ho og hunden hennar Mokka.

Kan takke pappa

Berntzen lys opp i ansiktet når ho fortel om korleis musikkinteressa kjem frå faren hennar.

Ho beskriv om fleire timar med musikk saman med han og korleis han har vore med på å påverke kva for musikk ho driv med i dag.

- Pappa introduserte meg for dei store legendene som Tina Turner, Etta James og Amy Winehouse. Då eg var yngre og slo på mP3, hendte det at han slo det av. Det er eg veldig takksam for i dag, då det har gjort det slik at eg har eit heilt anna spekter av musikksmak, seier ho med eit smil om munnen.

Berntzen pustar lett ut og seier at det er viktig at musikken har ei betydning.

- Artistane som pappa introduserte meg for, ville noko meir enn at folk berre skulle like musikken deira. Dei ønska å formidle eit bodskap og få folk til å føle noko. Det gjer eg også, legg ho trykk på.

Eige lokalsamfunn

Berntzen uttrykker stor kjærleik for bydel St. Hanshaugen, både når Haugenbladet møter ho og i introduksjonsvideoen hennar på The Voice.

- Eg diggar Oslo RAW på Adamstuen, Tranen på Kiellands plass kvar vi er no, men også St. Hanshaugen Parken. Der har eg hatt mange fine turar med hunden min Mokka, fortel ho med entusiasme.

BESTEVENNER: Rakel Berntzen omtalar hunden Mokka som ein viktig støttespelar.

Ho tenker på St. Hanshaugen som eit eiget lokalsamfunn og trur mange ikkje tenke over at det kan vere det.

- Kvar gong eg går forbi Java og Pascal, sit der ofte dei same stamkundane utanfor, så det er litt stas å få vise fram at eit lokalsamfunn også kan finnes i Oslo Sentrum.

Støttespelarar

Hunden Mokka fekk også bli med i introduksjonsvideoen hennar på The Voice, og Berntzen seier han har vore ein viktig støttespelar.

- Mokka er bestevennen min og det har ho vore heile vegen, pappa er også veldig engasjert i artisteriet mitt.

No håpar ho at fleire vil høyre på musikken hennar. På sosiale medier legg ho ut innlegg av at ho syng saman med far hennar som spelar piano i bakgrunnen.

PÅ TUR: Sjølv om bestevenane likar å gå på tur, stoppar dei gjerne opp for litt snutekos.

- Eg spelar piano sjølv også, men pappa er veldig god på det.

Rommet er fullt med susing av folk som pratar. Fokuset til Berntzen ligg på å prate om musikken. Musikken tek mykje av tida hennar, men ho har også andre interesser.

- Eg er med på å drive ei ungdomsbedrift på skulen som heitar DUX, i tillegg elska eg vere med venar, lage mat og så klart henge med Mokka.

Gjer si eiga greie

Berntzen fortel at det er mest vanleg at folk tenker at ho driv med popmusikk, men sjølv elskar ho å formidle musikk gjennom jazz, soul og RnB. Ho ønska å vise at ein ikkje treng å vere lik nokon andre for å passe inn.

- Om ein bestandig skal tenke på at ein skal passe inn, trur eg at ein alltid vil sitte igjen med kjensla av å ikkje gjere det.

Ho seier at ho er klar over at ho ikkje vil passe inn overalt, og at nokre gongar vil ho treffe på nokon som ikkje likar det ho gjer. The Voice har so langt vore ei positiv oppleving for ho.

- Det som er så fint med The Voice, er at eg kjenner på mangfald, då alle deltakarane gjer si greie. Det blir jo eit artistpreg med det.

KLAR: Rakel Berntzen gleder seg til å vise at ho kan synge like bra, om ikkje betre, utan halsbetennelsen.

Har allereie fans

Klokka nærmar seg lunsjtid og borda rundt byrjar å fylle seg opp. På nabobordet til Berntzen, sit det ein mann og jobbar på pc-en. Han veljar å avbryte midt i intervjuet, for å seie nokon vennlege ord.

- Eg må berre få lov å seie at eg såg deg på fredag og du er kjempe flink til å synge, avbryt den begeistra mannen og vender seg tilbake til pc-en.

Berntzen takkar venleg for komplementet og flakkar rundt i rommet med blikket.

Ho seier at det er fleire som har gitt ho nokre blikk i det siste, og at ho har gjort seg nokre tankar om korleis oppmerksamheita blir for ho framover. 

Ønske hennar er å bruke musikken til noko positivt, og inspirere andre til å vere tru til seg sjølv.

- Det er jo så klart lettare sagt enn gjort, men eg trur det er viktig å være tru til seg sjølv. Då vil dei som likar deg vere der i både gode og vonde dagar, seier ho overbevisande.

Eit anna perspektiv

Det var ei annleis oppleving for Berntzen å sjå framføringa hennar på tv-en. Då fekk ho blant anna sjå kva dommarane sa seg imellom når ho song.

- Det var eit heilt anna perspektiv, for ein ser meir kva som gjekk gjennom hovudet deira.

No gler ho seg til at folk skal få sjå ho framføre utan feber.

- Eg gler meg veldig til neste runde av The Voice, då er eg frisk og meir til stades i musikken, seier ho og tek første biten av tunfisksmørbrødet.

Powered by Labrador CMS