STUDENT: Benedikte Maria Kjølsvik flytta inn i Iladalen Studenthus i fjor sommar.

- Vi var omringa av måkar

Busette i Iladalen studenthus måtte førige sommar leve med måkeskrik. Bydelen sa dei ikkje kunne gjere noko med det. Benedikte Maria Kjølsvik er éin av fleire som gruer seg til sommaren.

Publisert Sist oppdatert

I fjor sommar blei det sendt inn ei klage til Bydel Sagene om bråk frå måker rundt Iladalen park. Rundt parken ligg det bustadblokker med flate tak, som i følge FHI er eit paradis for måker.

Sjølv om Iladalen Studenthus har skråtak, fekk mange av bebuarane kjenne måkebråket på kroppen. Benedikte Maria Kjølsvik var nyinnflytta i studenthuset, då bråket var på sitt verste.

- Eg og kjærasten min flytta inn tidleg i august og fekk litt sjokk av alt bråket, seier Kjølsvik.

Omringa av måkar

Kjølsvik fortel at måkar absolutt ikkje er hennar favorittdyr, men sist sommar blei det hennar verste fiende. Ho trur måkane slo seg til ro med reir på Ilahjemmet som ligg rett ved studenthuset.

- Det kjende ut som vi var omringa av måker. Det var nesten litt klaustrofobisk, sidan dei var overalt, seier ho. 

Ho kjem sjølv opphaveleg frå kysten ved Trøndelag og er vand med måkar. Ho fortel at måkane ofte er ekstra aggressive på seinsommaren, men at dei av ein eller anna grunn er verre og større i hovudstaden.

- Det er sikkert fordi dei får meir mat her eller noko, seier ho spørjande.

Kjølsvik fortel at måseungane nokre gonger ramla ut av reiret, og at vaksenmåkane då kom stupande mot. Noko som var særleg ubehageleg då måkane hadde reir i trea og på tak rundt om studenthuset.

Kjølsvik bur nærme bakken og det er ho glad for, med tanke på at dei i øvste etasje fekk kjenne på at måkane tok seg til rette.

PÅ VAKT: Studenten håper måkebråket ikkje gjentek seg i år.

Sleit med å sove

- Det gjekk mykje i øyreproppar. Det høyrtest nesten ut som det var krig nokre gonger mellom dei ulike reira. Dei hadde jo sine territoria på hustaka rundt om her, seier Kjølsvik.

Kjølsvik seier at sommaren ikkje var eit godt førsteinntrykk på studenttilværeslen. Ho måtte til slutt, då det var som verst, lukke att vindauge på soverommet. 

Problemet var at det var ein ekstrem varm sommar, og ho fekk difor ikkje sove på grunn av høg temperatur. I tillegg kunne ho fortsett høyre måkane, sjølv om vindauget var att.

- Eg kjenner allereie no at eg gruer meg, om det blir same regla, seier ho. 

Som svar på klaga som blei innsendt, svara bydelen at det ikkje var mykje dei kunne gjere med saken. Kjølsvik synes svaret verkar merkeleg, då ho meina at dei kunne gjort nokre tiltak.

Ho seier at ein så klart ikkje skal ta bort reira, men at ein kunne satt opp piggar slik at ein kunne skremme bort måkene og få meir ro rundt bygget.

- Dei er jo ei skikkeleg plage og det må jo gå an gjere noko med det. Det er mange andre som er mykje meir redd for måkar enn meg. Det er ikkje noko kjekt å ikkje tørre å gå ut døra eller ikkje få sove på natta, seier ho. 

Hadde same oppleving 

Mia Bergmann var tidlegare bebuar i studenthuset. Ho kan stille seg bak at det var eit plagsamt bråk gjennom sommaren.

Bergmann og sambuaren budde i øvste etasje i bygget og hadde måkane tett på. Ho fortel at ho ikkje trudde at måkane hadde reir på studenthuset, men legg til at dei absolutt var til stades.

- Litt over midnatt satt dei seg på taket. Dei blei til rundt tre eller fire på natta, og der sto dei og skreik: Kvar. Einaste. Natt.

Bergmann tenkjer at det er enklare løysningar på problemet.

- Ein kan jo setje opp fugleskremsel eller noko, ein treng ikkje drepe dei liksom, seier ho. 

Lite å gjere med

Klaga som blei sendt til Bydel Sagene om måkane, blei kjapt avslått. Bydelen forklara i eit svar at dei kunne gjere lite med å løyse problemet, då nokre av måkane er raudlista over truande måkeartar.

Måkane sitt naturlege habitat, ved kysten, er blitt øydelagd og fuglane trekk difor inn i byane for å livnære seg på matavfall.

Ved hjelp av lukka søppelcontainerar i parkane og rydding i område, er dei tydelege på at dei gjer den jobben dei kan. Derimot tenkjer dei at burettslag og studentsamskipnader må bidra til at det blir vanskelegare for måker å etablere seg.

Må akseptere støy 

Studentskipstanden i Oslo fortel til Haugenbladet at det kan vere ekstra støy i ei kort i periode når det er nyklekkande ungar.

- Måkeskrik og støy kan spesielt førekomme i hekkeperioden, fortel Nina Langeland, pressekontakt for Studentskipstanden i Oslo. 

Samtidig understrekker ho at det er viktig å vere klar over at måkar ikkje er skadedyr, men totalfreda i heile landet.

- Det er ikkje lov å skade eller fange måkar, og heller ikkje skade reir og egg, seier Langeland. 

Ho fortel at det er mogleg å iverksette tiltak som stengsler på taket som hindrar hekking, men seier at Mattilsynet anbefala i utgangspunktet at man aksepterer støy frå måkene i dei periodane det gjeld.

- Det er første gong dette problemet er blitt teken opp med oss, men vi forstår så klart at det har vore plagsamt med støy frå fuglar og andre dyr på natta, seier Langeland. 

Powered by Labrador CMS