POSITIVE: Vera Kværne Bjørgan (17) og Melika Mujic (17) ønskar å tjene ekstra penger ved å hjelpe andre.

Fleire unge i arbeid

Fleire unge i bydelen leiter etter sommarjobb. Nokon tek også saken i eigne hender. 

Publisert

I følgje SSB var sommaren i 2022 eit bra år for unge i sommarjobb. Sommaren hadde fleire stillingar ute og dei unge tok sjansen.

7 av 10 unge mellom 15 og 24 år jobba i løpet av sommaren i 2022.

Ane Sødal jobbar som informasjonskonsulent hos Ung Info på St. Hanshaugen. Ho seier ho har merka behovet unge har i dag, for å få hjelp til å søke jobb.

- Det er ungdom heilt ned i 13 årsalderen som kjem til oss for å få hjelp til å søke på sin første jobb, seier Sødal.

SSB visar også til at det er flest sommarjobbar i salsyrker. Typiske arbeidsplassar er butikk og gatekjøkken. Sødal bekreftar dette.

- Det er jo mest butikk og kaféar, men også pop up stand som dukkar opp som er lett for unge å søke på, seier Sødal.

HJELPER UNGDOM: Ansatte hos Ung Info på St. Hanshaugen er til stades for å hjelpe ungdom med å søke jobb.

Eige tilbod i bydelen

Ung Info informerer unge kva for bedrifter og marked som søker ungdom, men i tillegg til dette tilbyr også kommunen jobb for unge. 

Det arrangerast kultursommarjobb i bydel St. Hanshaugen, som er eit tilbod kvar ungdom kan få arbeidserfaring gjennom kulturelle og kreative stillingar.

I år kunne ungdom søke på jobb innan musikk og kultur, media, kunst og på sommarkaféen i Huset på Haugen eller i Aktiv park.

- Det er veldig populært, seier Sødal. 

NAV UNG tilbyr også 30 stillingar til ungdommane som ikkje fekk jobb i Kultursommarjobb. Dette er jobbar som kan være vanskeleg å skaffe på eigehand. Jobbar som dette kan være alt frå arbeid i bydelen eller i næringslivet.

Har ikkje trua på seg sjølv

Sødal seier at det er nokre typiske feller ungdom ofte hamner i når dei skal søke på sin første jobb.

- Mange trur at dei ikkje kan legge inn at dei har klipt graset til foreldra sine på sommaren, men det visar jo faktisk at du tek ansvar og at du har noko erfaring, seier Sødal.

Sødal legg til at ho ofte rådar unge til å endre «jobberfaring» til «erfaring» på CV-en.

- Eg tenker det er viktig at ungdom har trua på seg sjølv, for ein har ofte meir erfaring enn ein trur, seier Sødal.

Tok saka i eigne hender

Veninnene Vera Kværne Bjørgan (17) og Melika Mujic (17) har synes det har vore vanskeleg å finne jobb. Difor valde dei å ta ansvar og skape sin eigen arbeidsplass.

- Vi ønsker å hjelpe andre menneske, så då tenkte vi at vi kunne få erfaring ut ifrå det også, seier Mujic og fortel at dei begge studera helse på Nydalen vidaregåande skule.

GODE VENAR: Vera Kværne Bjørgan (17) og Melika Muijc (17) studera saman, men no blir dei arbeidskollegar.

Jentene ønska å ta på seg arbeid for andre. Dei ramsar opp kva dei kan tenke seg å gjere. Alt ifrå vasking, til klipping av plen og gå tur med hund.

Dei bestemte seg difor om å dele dette i eit innlegg på Facebook.

- Vi kjenner ei som hadde prøvd det før, og vi bestemte oss eigentleg i lag om at dette var noko vi ville prøve ut, seier Bjørgan.

No håper dei at dei kan hjelpe mange framover. Interessa for innlegget dei la ut har allereie fått reaksjonar.

- Vi fekk faktisk akkurat ei melding om ei dame som ville at vi skulle vaske vindauga hennar, seier Bjørgan.

Dei fortel at dei håpar at dette kan vere ei god ekstra inntekt. Begge seier seg einig i at det har vore alderen deira som har vore ei hindring fram til no.

- Butikkar vil jo for eksempel at ein skal vere over 18, slik at ein kan selje alkohol, seier Mujic.

No håpar dei at det kjem mykje meldingar frå folk som treng deira hjelp, men dei har eit spesielt ønske. 

- Det hadde vore veldig kjekt å få gått mykje tur med hund, seier Mujic og Bjørgan nikkar einig.

Ser godt ut på CV-en

Ein som fekk jobberfaring i tidleg alder var Herman Paulsen (20). Han fekk sin første jobb når han gjekk på ungdomskulen.

- Eg fekk vere symjeinstruktør på same staden kvar eg pleia å symje sjølv, seier Paulsen, og forklarar at han fekk eit tilbod om å jobbe på symjehallen i Holmestrand. 

Paulsen fortel at erfaringa han fekk med jobb i tidleg alder har vore positivt for han.

- Om du har moglegheita til å jobbe i ung alder, så tenker eg absolutt at ein burde hoppe ut i det, rådar Paulsen.

Paulsen meiner arbeid i ung alder ser godt ut på CV-en. Han seier det ga han meir tryggleik på seg sjølv.

- Det er jo veldig bra å ha fått ansvar såpass tidleg i livet, seier Paulsen.

GOD ATMOSFÆRE: Ung Info er tilgjengeleg for ungdommen, og informasjonskonsulent Ane Sødal seier drop-in timane deira er populære.

Gode tilbakemeldingar

Sødal seier det er positivt at ungdom er aktive og på leiting etter jobb. Ho håpar og meina at det er bruk for Ung Info.

- Her på senteret kjem unge for å få hjelp til å skrive søknad og CV, og til å få hjelp til å vite korleis og kvar ein skal søke, forklarar Sødal.

Ho seier at dei føler at dei gjer ein viktig jobb og at dei får gode tilbakemeldingar frå ungdommen.

- Vi har opplevd at ungdom har sendt oss tilbakemelding på at dei er takksame for at dei fekk hjelp til å komme ut i jobb, så eg vil absolutt seie at det er eit behov for oss, seier Sødal.

 

Powered by Labrador CMS